Pålitelige løysningar

Vår evne til å kontinuerleg forbetre våre tenester skal vera grunnlaget til å sikre vårt arbeid innan kvalitet, helse, miljø og sikkerheit.

Tronds Marine Service AS kjem frå lange tradisjonar med sjømannskap, og har i dei siste tiåra vore den føretrukne partner med dyktig personell klare for å utføre vanskelege oppdrag. Historia vår syner at me utfører både komplekse operasjonar med kort responstid og har kapasiteten til å planlegge framover for å sikre tryggleik og effektivitet.

Selskapet har henta sitt navn frå Kristoffer Trondsen (Tronds) Rustung til Seim (f.ca. 1490) som hadde sitt opphav i Kvinnherad og hadde ein mangslungen maritim karriere som til slutt førte til at han blei riksadmiral og øverstkommanderande for den dansk-norske flåten, i så måte den fyrste admiral i Noreg.

Tronds Marine Service AS er ein del av Meidell-gruppa. Meidell-gruppa er involvert i ei rekkje forretningsområder, der hovudaktiviteten er fiskeoppdrett gjennom selskapet Alsaker Fjordbruk.

Kvalitet, helse, miljø og sikkerheit

Trond Marine Service AS skal tilby kvalitetstenester på ein måte som tryggar personar, miljø og eigedom. Dette må vera reflektert i strategien vår.
  • Overhalde rådande og relevante HMS-lovar og reglar i alle områder me opererer
  • Utvikle mål og programmer som tek sikte på å kontinuerleg forbetre alle aktivitetar som påverkar HMS
  • Ta høgde for HMS-risikoar både i planleggingsfasen og i den operative fasen
  • Oppmuntre våre nøkkelleverandørar og entreprenørar til å utvikle og forbetre deira HMS-filosofi
  • Overvåke aktivitetar, samt måle og analysere resultata for å verifisere om styringssystema er riktige, og i samsvar med vår kvalitetspolitikk

Dokumentasjon

Vår evne til å kontinuerleg forbetre våre tenester skal vera grunnlaget til å sikre vårt arbeid innan kvalitet, helse, miljø og sikkerheit.

Tronds Marine Service AS skal levere kvalitetstenester på ein slik måte som ivaretar personell, miljøet og eigedelar. Dette skal visa igjen i våre mål og vårt arbeid.

Ein løysingsorientert og fleksibel organisasjon er grunnlaget for å nå vårt mål, i tillegg til organisasjonen si evne til å kontinuerleg forbetre seg.

Lokasjon

Kontoret vårt held til på øya Halsnøy, på vestkysten av Noreg. Omkring oss er nydeleg natur, som står godt i stil med våre tradisjonar.